Lyseklostervegen blir stengd ei helg før jul grunna arbeid med den nye fylkesvegbrua.
Lyseklostervegen blir stengd ei helg før jul grunna arbeid med den nye fylkesvegbrua.

Stengjer Lyseklostervegen

I samband med bygginga av den nye fylkesvegbrua overLyseklostervegen, vil vegen bli stengd i ein kort periode før jul.

- Det pågår for tida bygging av forskaling i reiseverket for den nye fylkesvegbrua over fv. 161 Lyseklostervegen. Dette vil pågå nokre veker til, før ein går i gang med ein omfattande jobb med armering, fortel kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen, Geir Brekke.

Vegvesenet planlegg å ta støypinga over ei helg på denne sida av jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Under støyping og herding av betongen, blir det ei stenging av vegen, med omkøyring på E39. Tidspunktet er ikkje fastsett. Vi reknar med at arbeidet vil ta om lag 24 timar, så det er altså ikkje snakk om ei heil helg.