(
(

Stengjer E39 og tursti

2. mai stengjer eitt felt av E39, og turstien som går frå Kolskogen til Kyrkjegarden.

På grunn av anleggsarbeid langs E39 mellom Tøsdal og Ulvenvatnet, må eitt felt stengjast på strekninga. Det betyr at E39 berre får eitt køyrefelt gjennom anleggsområdet. Køyrebana blir reservert for trafikk sørover i retning Halhjem. Måndag morgon 2. mai vert vegen stengt.

Graving og sprenging

Turstien som går langs E39, og under Mobergsbrua blir stengt i nokre veker i samband med arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Anleggsarbeidet omfattar bygging av ei djup grøft til framføring av ulike vassleidningar og kommunalt VA-anlegg mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet. Det blir graving og sprenging i eine køyrebana på E39, skriv Statens vegvesen på heimesida.

Omkøyringa tek tid

Vegvesenet vil også oppmoda trafikantane til å respektera fartsgrensa på 50 km/t forbi anleggsområdet. Dei skriv også at gjennomgangs-trafikantane på fylkesvegen om Osøyro bør vera budde på at turen gjennom Os vil ta noko lengre tid enn vanleg dei månadene vegarbeidet pågår.