Stengjer Borgavegen
Frå onsdag morgon vert Borgavegen på Os stengt for biltrafikk på ny.
Onsdag 30. mars klokka 8 startar arbeidet med å ferdigstilla vegen langs Oselva.
- Vi må arbeida nokre dagar med oppretting og forsterking av eksisterande veg, før arbeidet med fingrusing og asfaltering tek til i slutten av neste veke, opplyser Siril Langhelle, prosjektingeniør i Os kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kor lang tid arbeidet tek, er avhengig av vêret.
- Det kjem an på kor mykje nedbør vi får, men vi håpar på å vera ferdige i løpet av to veker, skriv Langhelle i ein e-post til avisa.
Vegen skal òg sikrast med betongrekkverk mot Oselva går det fram av e-posten.
Mjuke trafikantar kan bruka Borgavegen som vanleg medan arbeidet pågår.