Stengjer alle kommunale kontor og kontorbygg
Kommuneleiinga jobbar også heimefrå.
Det opplyser kommunen på sine heimesider. Bygga vert stengde frå og med klokka 12 måndag.
Stenginga gjeld Bjørnafjorden rådhus, Kommunetunet i Eikelandsosen, Dragesetbygget, kontor i Irisbygget, lokala til tekniske tenester i Kolskogen, NAV sine kontor i Bjørnegården, kontoret til flyktning- og bustadtenestene i Smiegården og tenestene i Brugata (Sparebanken Vest-bygget).
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi gjer dette for å hindre at mange tilsette oppheld seg på same stad og førebygge smittespreiing, skriv kommunen, som er å nå på telefon og epost.
Barnevernet presiserer at dei har bemanning og akuttberedskap.
Frivilligsentralen er også stengd inntil vidare.