Stengde vasskranar, stengd skule
- Me hadde ikkje noko val. Utan vatn kan me ikkje ha open skule, seier rektor ved Nore Neset ungdomsskule, Anne Fristad.
Dei tok det delvis med galgenhumor, administrasjonen og dei andre tilsette ved Nore Neset ungdomsskule. Visst var det ein kjedeleg start på dagen, men det var ikkje anna enn å ta affære: Senda elevane heim.
- Inntil feilen som førte til lekkasjen er fiksa, og resten av vass-anlegget er fiksa, må vatnet vera stengd. Då kan me heller ikkje ha skule, seier rektor Fristad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Så lang dag for lærarane trudde ho heller ikkje det vart.
- Me må jo på toalettet ein gong me også, humra rektoren.
Vekt på natta
Vaktmeister Leif Ivar Sunde hadde vore på plass sidan nattestid.
- Eg vart vekt av brannvesenet i halv fire-tida. Dei hadde fått alarm om lekkasjen og var alt i ferd med å pumpa bort vatnet frå aulaen og kontorromma like ved, forklarar Sunde.
Han hjelpte deretter med å flytta møbler og andre rekvisita bort frå dei store dammane.
- Det var ikkje "innsjø" her, men det var rimeleg store dammar over alt. Heldigvis var brannfolka raske på labben og fekk pumpa det ut hovuddøra ganske snart, fortel Sunde.
Dersom alt går som skulens leiing håpar, vert det vanleg skuledag igjen i morgon onsdag.
- Me skal få lokalisert problemet og fiksa det. Det blir nok skule i morgon, sa rektor Fristad.