Steller i stand møteplass for nordsjøarbeidarar
Helikopterulukka som krav livet til to osingar berørte mange, også tidlegare nordsjøprest Arvid Tveit. Måndag inviterer Tveit til ein uformell prat for nordsjøarbeidarar i lemstova på Lyngheim.
- Eg gav meg som nordsjøprest for eit halvt år sidan, men til og med eg som ikkje skal reisa med helikopter meir, kjenner dette på kroppen, seier Tveit.
Tomrom mellom folk i same båt
Då meldinga om ulukka tikka inn på mobilen, var Tveit med ein tidlegare og ein noverande nordsjøarbeidar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Helikopterkrasj i Øygarden, stod det i den første meldinga. Vi følgde med og forstod etter kvart at her kom det nok ikkje til å vera overlevande, seier Tveit.
Nordsjøpresten har hatt nær kontakt med fleire nordsjøarbeidarar.
-Vi har sagt til kvarandre at vi må ta oss ein kaffikopp saman, seier han og legg til:
- Det fins mange nordsjøarbeidarar i Os, men det er ikkje så mange som har ein nabo i same yrket. Dei er spreidd rundt om. Det oppstår eit behov for å treffa folk som er i same båt. Det er ein slik prateplass med låg terskel vi no prøvar å få til i lemstova.
Håpar at ressurspersonar kjem
Tveit håpar at det kjem nordsjøarbeidarar som har vore oppe i krevjande situasjonar tidlegare, og har funne ut korleis dei kan takla det i ettertid.
- Vi håpar at nokon av dei som kjem kan dela av sine erfaringar, seier Tveit og legg til.
- Vonleg kan dette bli ein naturleg møteplass for dei som gjerne sit med eiga uro, og også har folk rundt seg som kvir seg til at mamma eller pappa skal i helikopter til neste arbeidsøkt.
- Kom som eit slag i brystet
Frode Markhus har hatt Tveit som nordsjøprest i mange år, og dei to har utvikla eit nært venskap. Dei to var saman då meldinga om ulukka kom.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det kom som eit slag i brystet på oss som jobbar offshore. Det var mange kjensler. Helikoptertryggleik har alltid vore eit tema. Det er heilt spesielt når eit helikopter fell ned i fjøresteinane, seier Markhus.
Alt kommande tysdag skal han reisa på jobb att.
- Eg har aldri hatt problem med å reisa med helikopter, men no er eg nok litt meir bekymra enn vanleg, sjølv om det viste seg å ikkje vera den helikoptertypen som vi flyr med.
Godt å snakka ut om sterke hendingar
Markhus har fått tilbakemeldingar om at møtet i lemstova er ein god idé. Han håpar på godt oppmøte.
- Nokon er glade i å snakka ut om ting, andre ikkje. Eg vil oppmoda alle nordsjøarbeidarar til å koma. Om ein ikkje kjenner eit behov nett i dag, så kan det godt henda at behovet plutseleg er der. Det er alltid godt å snakka ut om sterke hendingar i livet. Det er òg ein god sjanse til å bli betre kjent med personar som er i same båt, seier Markhus.