Steinproblemet har funne si løysing
Os var godt i gang med å finna alternative løysingar på steinproblemet i Bergen. Men no har Bergen kommune snudd igjen, og seier ja til dumping av E39-stein i Liavatntet i Ytre Laksevåg.
Det skrivBT i kveld.
I Bergen kommune vart det omkamp om kor vidt steinen frå utbygginga av E39 kan plasserast i Liavatnet, då kommunen trekte tilbake løyvet om å fylla 1 mill. kubikk stein frå E39-utbygginga mellom Svegatjørn og Rådal i Liavatnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Styret for Lyseparken tok følgjeleg opp til vurdering om det kunne la seg gjera å plassera steinen i Endelausmarka.
Men i dag kom altså kontrameldinga. Bergen kommune og byutviklingsbyråd Henning Warloe har snudd igjen.
- Bakgrunnen er at våre jurister har gått nøye gjennom alle forhold og konkludert med at veivesenet har retten på sin side. Alle formaliteter var godkjent, og da viser det seg at kommunen i denne type saker ikke har anledning til å gjøre om på det i ettertid, seier Warloe til BT.