Startar AUF-lag i Os
Sandra Kristin Austgulen (20) brenn for politikk. Mandag står ho i bresjen for stiftinga av Os AUF.
Mandag ettermiddag vert det skapt politisk historie på Peppes. Då inviterer nemleg Sandra Kristin Austgulen og Jøran Haukeland til stiftingsmøte for Os AUF.
Ingen maktkamp
- Eg har ingen planar om å ta makta sjølv, men vil gjerne vera ei drahjelp. For meg er det viktig å vera med og gje ungdom oppgåver og ansvar. Det gjer at einkjenner seg viktig, seier Austgulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Per i dag er det 18-19 medlemmar i AUF i Os, så Austgulen har tru på at dei skal koma i mål med nytt lokallag. Kravet er nemleg tre personar.
Raddisar
- Vi heiar på initivativet og vil støtta dei på alle mulige måtar, seier leiar i Os Arbeidarparti, Helge Steinum.
- Moderpartiet har vore svært hjelpsomme og stilt både med lokale og pizza. Men vi kan ikkje lova at vi ikkje kjem til å gje beskjed når det trengst. Os AUF skal vera litt raddisar, smiler ho.