Startar årets TV-aksjon laurdag
Årets TV-aksjon går til Røde Kors og har fått namnet «Sammen får vi hjelpen helt frem». Laurdag startar oppkøyringa til aksjonen.
Aksjonsdagen er lagt til 23. oktober. Men allereie laurdag vil Os Røde Kors markera starten på årets innsamling.
- Det skjer med aktivitetar for born og vaksne - både utanfor og inne på Amfi Os, fortel Torill Sunde, nestleiar i Os Røde Kors.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her blir det hoppeslott, der "billetten" går til TV-aksjonen, og det blir bamsesjukehus der dei små kan læra seg å bandasjera bamsen eller dukka si neste gong den skadar seg.
- Ta med bamsen eller dukka så kan vi sjå kva vi kan gjera, oppmodar Sunde og held fram:
- Trur du at du kan utføra hjarte- lungeredning korrekt eller ønskjer du ein gjennomgang? Vi tek med den nye "Annedukka" der du kan følgja med på skjermen korleis du utfører hjerte-lungeredninga.
Sunde lovar også tips til kva du bør ha med i sekken når du skal på tur.
- Fleire leite- og redningsaksjonar i det siste har vist at ikkje alle veit kva dei skal ha på seg eller i sekken, påpeikar Sunde.
I tillegg blir det ein uhøgtidleg quiz og stands der ein kan få meir informasjon om TV-aksjonen og kvar du kan melda deg som bøsseberar
- Vi treng framleis fleire, seier Sunde.
Målet er at alle husstandar i heile Noreg skal få besøk den 23. oktober. Til det trengst det 100.000 bøsseberarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei innsamla midlane går til Røde Kors sitt arbeid i ni land: Syria, Libanon, Sør-Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane går også til å hjelpa flyktningar som har kome til Noreg.
TV-aksjonen er arrangert kvar haust ein søndag i oktober siden 1974. I år går TV-aksjonen av stabelen 23. oktober.
Siden 1974 har det norske folk samla inn over sju milliardar kroner som har gitt titalls millionar menneske livsviktig hjelp.
Flyktningrådet hadde den første aksjonen og samla inn 125 millionar omrekna i 2013 kroner.
Frå 1978 blei sjølve innsamlinga arrangert av kvar kommune med ordføraren i spissen. No ligg ansvaret hos over 500 kommune- og bydelskomitear.
Den aller første gongen NRK stilte seg til rådvelde for et veldedig formål var i februar 1946, for aksjonen "Nasjonalhjelpen for krigens ofre og de falnes etterlatte".
Kong Haakon var den gong innsamlingsaksjonens høge beskyttar, og aksjonens motto var "Du må ofre noe - mange ofret alt".