- Start tidleg, køyr mykje
Dette var hovudbodskapen til inspektør i Statens Vegvesen, Kjell Sandal, då han prata for fleire av bygdas komande bilførarar onsdag.
Vel 100 ungdomar og føresette var møtt fram for å få med seg informasjonsmøtet til Statens Vegvesen i musikkrommet på Nore Neset ungdomsskule onsdag kveld.
Fleire av dei frammøtte såg ut til å få seg ei aha-oppleving eller to i løpet av møtet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ungdomen bør øvekøyra mykje, og dei bør starta tidleg. Dess meir dei får "ta rattet" når familien skal på tur, ut og handla eller på besøk, dess meir erfaring får dei, men for all del, start i det små. Ikkje på Halhjemsvegen klokka fem på tre ein fredag ettermiddag, sa Sandal innleiingsvis.
Viktige kriterium
Han var likevel kjapp med å gjera greie for ein del kriterium som må vera oppfylte før ein kan få øvekøyra på offentleg veg.
- For det første må ein vera fylt 16 år, for det andre må ein ha gjennomført det såkalla trafikale grunnkurset som ein tek på trafikskulane rundt om i landet. Dessutan må rettleiaren, altså vedkomande som er ansvarleg for øvekøyringa, vera over 25 år og ha hatt sertifikatet samanhengande i over fem år, fortalde Sandal.
Færre ulukker
Det trafikale grunnkurset gjev ungdomen mellom anna ei kort innføring i trafikkopplæring, forståing av trafikkbilete, førstehjelp og, dersom ein tek det på vinterstid - innføring i mørkekøyring.
- Det er eit faktum at talet på ulukker som involverer unge sjåførar vart kraftig redusert frå 2004 av. Det er ikkje tilfeldig. Det var det året at trafikalt grunnkurs vart innført som eit kriterium for å få øvekøyra med L-en i bakvindauget, sa Sandal.
Vidare talte han til ungdomen og oppfordra dei til snarast å byrja å skaffa seg teori-boka og byrja å lesa.
- Det kostar 500 kronar per gong ein tek teoriprøven. Alt for mange kjem uførebudd og må tilbake både ein og to gonger. Strykprosenten er faktisk så stor som 50, poengterte sensoren.
- Det er i det heile mykje pengar å spara på å vera førebudd og å ha køyrt mykje før og undervegs i køyreopplæringa. 1 av 3 stryk også til den praktiske køyreopplæringa. Dette vert kjapt kostbart når ein veit at ei oppkøyring kostar 4.500 kronar, så oppfordringa er øv mykje og øv med foreldra. Dei har køyrt i mange år og bør vera gode læremeistrar, avslutta Sandal.