- Står etter forholda bra til med kvinna
Tilsette ved GC Rieber Compact AS har besøkt knivofferet på Haukeland, og seier at det står etter forholda bra til med henne.
Dagleg leiar ved GC Rieber Compact AS, Per Henning Hamnes, fortel omden tragiske hendinga ved fabrikken i dag tidleg.
- Då me skjønte kva som hadde skjedd, delte me oss i to. Dei fleste tok seg av vår kvinnelege tilsette og gav henne den førstehjelpa som var mogleg å gje før ambulansen kom til staden. Dei andre, inkludert underteikna, konsentrerte oss om å halda gjerningsmannen i ro, seier Hamnes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han legg til at mannen vart isolert frå den skadde, og at han roa seg ned. Kvinna på 44 år vart frakta til sjukehuset. To kollegaer frå fabrikken køyrde også til Haukeland.
- Dei fekk tilbakemelding om at det etter forholda står bra til med kvinna, seier Hamnes.
Sjukehuset har karakterisert skaden som alvorleg, og Hamnes legg til at han ikkje har kjennskap til kor alvorleg tilstanden er akkurat no.
Kom frå vikarbyrå
Gjerningsmannen, som er i 20-åra, er ein midlertidig tilsett ved Compact. Dei har hatt stor ordrepågang i haust, og har difor hatt behov for meir mannskap.
- Me har køyrt doble skift i haust. Gjerningsmannen var leigd inn frå eit vikarbyrå, og har jobba her ei kort stund.
- Hadde han rulleblad, eller var det anna som tydde på at han var ustabil?
- Me stolar på vikarbyrået, og utfører ikkje eigen rulleblad-sjekk, men det stemmer nok at dette var ein ustabil person, seier Hamnes, som ikkje vil opplysa kva vikarbyrå dei nyttar.
- Har han hatt med seg kniv på jobben, eller vert det nytta kniv i produksjonen på fabrikken?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er nok brukt ein reiskap me nyttar i produksjonen, seier Hamnes.
Tilsette får fagleg oppfølging
Sjølve produksjonen på fabrikken vart stoppa straks etter hendinga. Dei tilsette har vore samla for fleire allmøte for å få informasjon om hendinga.
- Dei tilsette vart bedne om å ringja heim for å fortelja familie om kva som var skjedd og at dei var i orden. Me har også hatt bedriftshelseteneste her med fagpersonell for å yta støtte til dei tilsette. Dei får også tilbod om samtale enkeltvis, seier Hamnes.