Stansa «tungbil-gruppe» på veg frå Sandvikvåg til Bergen
Fekk melding måndag ettermiddag.
Måndag ettermiddag fekk politiet melding om ei «tungbil-gruppe» som mogleg var for tungt lasta. Dei var på veg frå Sandvikvåg i retning Bergen.
– Politiet i Bjørnafjorden og Bergen Sør stansa ca 1/3 av bilane, kring 10 køyretøy. Vegtrafikksentralen bistod med kontrollør fra tungbilgruppa/utekontrollen. Det blei funne ein del mindre manglar ved køyretøya, men ikkje nok til å ileggja bruksforbod, opplyser vakthavande.
Artikkelen held fram under annonsen.
Følgjet fekk dra vidare etter at kontrollen var utført.