Stal drikke frå taket på Havnechefen
Ein mann i 20-åra har erkjent å ha stole alkoholhaldig drikke frå taket på Havnechefen.
Politiet fekk melding om hendinga kl 23.30 måndag kveld, og pågreip mannen ikkje lenge etter.
No vert det opp til politijuristen å sjå på straffa for forholdet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kl 16.25 i går var det eit uhell med moped i Solstrandvegen. Mopedisten skrensa og fall etter at ein person gjekk ut i vegen like ved eit fotgjengarfelt.
Ingen kan lastast for uhellet, ifølgje politiet, og det vert ikkje oppretta sak.
jostein@osogfusa.no