Stakk frå politiet
Politiet fekk hendene fulle med ein gjeng ungdomar i Ervikane i natt. Det var alkohol og hasj med i biletet, og nokre stakk frå politiet i båt. - Vi ser alvorleg på saka, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
Ei stor mengde ungdomar i 16-18-årsalderen var samla i Ervikane i Strøno i går kveld og i natt. Politiet fekk melding om at det var mykje rus med i biletet.
- Vi har vitne som seier at ungdomane var rusa både på alkohol og hasj, opplyser Dyrdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet måtte rekvirera ambulanse i samband med at éin person var overstadig rusa. Patruljen forsøkte òg å stansa ein gjeng som drog frå staden i båt, men ungdomane stakk frå politiets pålegg om å verta kontrollerte.
- Det er ungdomar ned i 16-årsalderen det er snakk om. Dei køyrde båt i rusa tilstand og ignorerte politiets pålegg. Det reagerer vi kraftig på, seier Dyrdal.
- Det skjer mange stygge ulukker til sjøs. Båtkøyring og rus høyrer ikkje saman, legg han til.
Roper varsku
Dyrdal meiner foreldre og føresette bør vera meir på vakt i forhold til kven deira unge, håpefulle er saman med, og kva dei driv på med.
- Vi synest dette er beklageleg. Spesielt med tanke på at politiet i Os har auka fokuset på rekrutteringsmiljøa innan stoffmisbruk, seier lensmannen.
Dyrdal fortel at politiet kjem til å følgja opp saka. Lensmannen varslar òg fleire kontrollar i tida som kjem.
- Vi kjem til å følgja ekstra godt med, seier han.