Ekteparet Eva og Frode Løbrot frå Bønes er melom dei mange som har teke turen til bubilparkeringa på Haugsneset.
Ekteparet Eva og Frode Løbrot frå Bønes er melom dei mange som har teke turen til bubilparkeringa på Haugsneset.

Stadig fleire bubilturistar kjem til Os - kommunen utvidar tilbodet

Bubilparkeringa på Haugsneset er full nær kvar helg. No ordnar kommunen fleire plassar.

- For å kunna ta i mot dei mange bubilturistane har me rett og slett kasta oss rundt og sett på høva for å setja av plassar til bubilar ved sida av den nye pop up-parken ved Essoen, fortel ordførar Marie Bruarøy.

Det nye tilbodet vil gjelda i helgene, frå fredag ettermiddag til måndag morgon. I hamna ligg det allereie til rette med straum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette gjer me som eit ledd i turismesatsinga og for å kunna tiltrekkja oss endå fleire turistar til hamna og Os, seier Bruarøy, som understrekar at tilbodet berre gjeld i helgene, og at ein såleis ikkje skal beslagleggja p-plassar for handlande og arbeidstakarar i vekedagane.

jostein@osogfusa.no