St. Olavs orden til osing
Professor Leiv S. Bakketeig (77) vart i går tildelt St. Olavs orden for sin innsats innan epidemiologi.
Mange osingar kjenner Leiv S. Bakketeig som forfattar av noko så ulikt som vitsebøker frå legemiljøet eller opphavsmann til den grimme oppvekstskildringa «Med helvete i kjellaren».
Men det er altså professor i epidemiologi han eigentleg er. Og det er for innsatsen på dette feltet han i dag vart gjort til riddar av 1. klasse av den Kongelege Norske St. Olavs orden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei utmerking som vert gitt som "belønning for utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten", i fylgje kongehusets heimeside.
Utmerkinga fann stad på eit arrangement på Håndverkeren i Oslo kl. 13 tysdag.
Epidemiologi
77-årige Bakketeig var i mange år professor i klinisk epidemiologi ved Universitet i Odense, Danmark. I dag bur han i Oslo og er professor emeritus ved Folkehelseinstituttet.
Fagfeltet epidemiologi handlar om å svara på spørsmål som: Kvifor vert vi sjuke, kva miljøfaktorar framkallar sjukdom og korleis kan vi førebyggja sjukdom.