Trafikken som skal gjennom Ulvenvegen/Kolskogheiane-området i tida som kjem, må belaga seg på periodevis venting pga. sprengingsarbeid.
Trafikken som skal gjennom Ulvenvegen/Kolskogheiane-området i tida som kjem, må belaga seg på periodevis venting pga. sprengingsarbeid.

Sprengingsarbeid gjev trafikkstopp ved Kolskogheiane

Bilistane som skal via Ulvenvegen eller Kolskogheiane den neste veka, kan risikera å bli stoppa medan Veidekke driv på med sprengingsarbeid.

Det er Geir Brekke ved Statens Vegvesen som opplyser at 5.000 kubikkmeter stein skal sprengast vekk for å jamna ut noko terreng i området i samband med førebuing til tunelldriving gjennom Skogafjell.

- Det skal ikkje skapa dei heilt store vanskane for trafikken, men bilistane må periodevis, i ei veke halvanna veke, rekna med å bli stoppa i korte periodar, seier Brekke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Vassbakk & Stol som utfører arbeidet på vegner av Veidekke.