«Sprekt, spenstig og interessant». Slik karakteriserte politikarane planane for den nordlege delen av Os sentrum
Politikarane landa, til liks med administrasjonen, på at alternativ B er den beste løysinga for området.
Ifølgje sakshandsamar Yangyou Sun er føremålet med planarbeidet å styrkja koplinga mellom Osøyro og sentrum nord. Administrasjonen ønskjer å leggja til rette for effektiv arealbruk, trygge gangforbindelsar og ein robust næringsakse. Det er også lagt opp til tre transformasjonsområde for bustader: Stegen, Giskavollen og Holtbrekka med til saman 300 einingar.
– Slik området er i dag manglar det liv og aktivitet, påpeika sakshandsamaren då plan-, bygg- og miljøutvalet (PBU) handsama saka i starten av månaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjenopning av Kvernelva, gangvegar på begge sider av elva, og ein meir open og grønare næringspark, er andre viktige aspekt ved planen.
– I dag er det berre parkeringsplass og grå flater. Målet er at området skal utviklast meir som eit sentrumsområde, opplyste Sun.
Langs Byvegen la administrasjonen fram to ulike alternativ. I det første alternativet er ein avhengig av ein fire meter høg støttemur langs vegen, noko som ifølgje sakshandsamaren gjev dårleg kontakt mellom Stegen og sentrum. Fordelen med dette alternativet er at ein kan behalda Osbanetraseen eller «linjo» noko lunde intakt.
– Plan B er å utvikla næringsaksen langs Byvegen. Då må 70 meter av Osbanetraseen flyttast vestover, men ein får ein samanhengande gatefasade langs heile vegen og sentrum og sentrum nord vert knytt saman på ein betre måte, påpeika Sun.
– Ser litt ut som Tsjernobyl
Tor Inge Døsen syntest tankane til administrasjonen var interessante.
– Området har potensiale og totaliteten er bra. Eg håpar at eg får oppleva at det skjer noko i denne delen av sentrum, sa Døsen og la til at han er usikker på kor heilag Osbanetraseen er, eller om den kan skubbast litt på.
Frp-politikaren kommenterte også at Fjellheim ligg der det ligg.
– Vi får sjå kor mange år det går før den tid er omme, sa Døsen og slutta seg til tankane om å jobba vidare med alternativ B.
Artikkelen held fram under annonsen.
Marie Hauge (MDG) karakteriserte planane som spreke. Ho syntest òg det var behageleg å arbeida med eit område der konfliktnivået, tilsynelatande, er mindre enn i til dømes Finnebrekka.
– Eg likar spesielt godt tankane om å gjera næringsparken meir grøn. I dag ser inngangen til Osøyro litt ut som Tsjernobyl. Eg gler meg til å jobba vidare med området, sa Hauge.
Partifelle Nils-Anders Nøttseter meinte også administrasjonen hadde mange gode refleksjonar knytt til området.
– Det er ein veldig god start i forhold til dei utfordringane vi som kommune står overfor i framtida, sa han og viste til fortetting, kvalitet, naturmangfald og grøntområde.
– Det er ein vanskeleg kabal å få til å gå opp, men det er gjort eit godt stykke arbeid her, meinte han.
Gustav Bahus (Frp) og Aud-May Boge (H) var opptekne av kommunikasjon, og at dialogen med grunneigarane er god.
– Har de snakka med folk? Det er ikkje alle som ser det tidsperspektivet det her er snakk om, og som vert uroa, sa Bahus.
Frp-politikaren ville også vita om dei godkjente reguleringsplanane ligg til grunn for planarbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fjellheim er jo omregulert til bustad, påpeika han.
– Området får ei form for renessanse
William Lindborg (Ap) og Asle Olsen (SV) var, som dei andre politikarane, klare på at alternativ B er det alternativet som er mest interessant for området.
Lindborg peika også på viktigheita av å sikra dei kulturminna og den historia ein har.
– Alt treng ikkje å vera nytt, sa han og trekte fram Fjellheim og kyrkja.
– Eg synest òg det er litt interessant at ein føreslår å flytta traseen for Osbanen. Då er det kanskje ikkje ein trasé lenger, men om det er naudsynt for å få det til, kan eg gå med på det. Alternativ B er meir ope, og ikkje berre ein vegg, sa Lindborg og tok til orde for ein variasjon i framtoninga til bygga.
– Det er viktig at det ikkje berre vert blokkbebyggelse, men bustader for fleire type kjøparar, meinte han.
Planutvalsleiar Terje Sperrevik (Sp) meinte det var positivt at ein ønskjer å trekkja sentrum litt nordover, framfor å leggja alt i sjøen.
– Det er noko som har vore etterlyst lenge, sa Sperrevik og la til:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Området er ganske dødt i dag, men med denne løysinga får det ei form for renessanse. Summa summarum ser det veldig positivt ut, meinte han.
Plansjef Jannicke Sem-Onarheim presiserte at det i denne omgang berre er snakk om dei store linjene.
– Vi tenkjer mindre fylkesveg og meir sentrum, sa ho og understreka at kvart enkelt prosjekt må utviklast vidare.
– Vi er på eit overordna nivå og ønskjer først og fremst å sikra kvalitetane i området. Vi kjem til å ha meir dialog med grunneigarane når vi veit kva politikarane ønskjer, forsikra ho.
Fotgjengarar først
Eit samrøystes PBU gjekk inn for administrasjonen si tilråding om å arbeida inn føringane som ligg i saka for delområde Stegen/næringsparken i områdeplan for Osøyro. Desse føringane vart dessutan lagt til grunn for det vidare arbeidet:
• Planarbeidet skal utvikla og styrkja koplinga mellom Osøyro og sentrum nord.
• Utvalet ber administrasjonen om å arbeida ut frå alternativ B, med å utvikla næringsaksen langs Byvegen.
I tillegg vart følgjande kulepunkt frå Sp, MDG, Ap og SV vedtekne:
Artikkelen held fram under annonsen.
• Planen bør ha eit endå høgare ambisjonsnivå for å få elver opp i dagen. Samrøystes.
• Det bør leggjast inn eit prinsipp om «fotgjengarar først» i det vidare planarbeidet, og det må sikrast eit godt nettverk av gangvegar i tette utviklingsområde. Mot 3 Frp/1H.
• Det er viktig at kulturminne som den eldste fabrikkbygningen til Bahus, og Fjellheim, vert vidareført i planarbeidet. Mot 3 Frp/1H.
• Gangveg langs Kvernelva må sjåast som viktig trasé for mjuke trafikantar mellom Osøyro og sentralidrettsanlegget. Samrøystes.
• Utvalet ber om hyppig tilbakemelding på vidare arbeid med områdeplanen. Samrøystes.
• Det er viktig at administrasjonen legg opp til god involvering med publikum i vidare arbeid med planen. Samrøystes.
Følgjande tilleggspunkt frå Frp, H og SV vart også samrøystes vedteke:
• Det er ønskeleg å analysera potensialet i volum og areal for næring og bustad meir konkret i neste fase.