Språkkafé i Os: Her er Hysam og Nawwar Al Saed på Språkkafeen i Os. Kafeen er eit samarbeid med flyktningtenesta.

Språkvanskar, heimeskule og livsviktig informasjon: Følgjer flyktningane tett opp

Nokre av flyktningane har avgrensa norsk-kunnskapar, nokre slit med heimeskulen til borna, andre igjen står i utrygge jobbar og forstår ikkje alltid informasjonen som blir gitt i denne krisetida. Framleis vil fleire bidra i samfunnet.

Alle som vert busette som flyktningar i Noreg har opplevd kriser og vanskelege situasjonar før, og kjem frå land med krig og konflikt. Likevel kjempar dei no mot ein usynleg fiende, i eit nytt land med eit språk dei ikkje er like trygg på. Dette kan vera ekstra utfordrande. Trass dette opplever Linda Kjosaas, programrådgjevar i flyktningtenesta, at mange ynskjer å hjelpa til.

– Eg trur nok det å vera isolert heime og oppleva at det er ein trussel utanfrå, kan vekka vonde minne for enkelte, men mange er villige til å hjelpa til, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjosaas fortel ho har fått fleire førespurnader frå flyktningar som vil hjelpa til i nærmiljøet, mellom anna med å frakta matvarer og medisinar til folk som treng hjelp.

– I det noko skjer, tenkjer mange på andre og ikkje berre på seg sjølve. Eg trur det er ganske typisk for folk som har opplevd tøffe situasjonar, seier Kjosaas som er imponert over dugnadsånda.

Nok informasjon?

Linda Kjosaas: Linda Kjosaas hjelper med informasjon til dei som held på med norskundervising, og snakkar også arabisk.

Med ein straum av informasjon, kan det vera vanskeleg å få med seg alt, spesielt om du ikkje er trygg på språket.

Kjosaas kan eit av dei mest utbreidte språka blant flyktningane, nemleg arabisk, og held jamleg kontakt med fleire for å høyra korleis dei har det i denne spesielle tida.

– Me prøver å ringja rundt til deltakarane i Introduksjonsprogrammet omtrent ein gong i veka for å høyra korleis dei har det, og me sender massemeldingar på mobil med lenkjer med informasjon på ulike språk, og bruker sosiale medium for å dela informasjon, seier Kjosaas.

Les også
Ibrahim kom frå krigsherja Syria til Fusa. No vil han gje noko attende i koronakrisa

Ho fortel at dei har mindre pågang frå programdeltakarane og tidlegare busette enn vanleg, trass i den spesielle situasjonen, og trur mange sit heime og ventar tolmodig på at det skal gå over.

– Det er jo ikkje enkelt for alle, særskilt dei som ikkje forstår norsk så godt, held Kjosaas fram.

I tillegg til lenkjene dei sender ut med informasjon på ulike språk, gir dei noko av informasjonen munnleg. Ho fortel at flyktningtenesta har tilsette som snakkar språka som trengst for å nå ut til nybusette flyktningar på eige morsmål, og for å forklara det som er vanskeleg å forstå for enkelte som ikkje kan nok norsk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No er det mest arabisk, kurdisk, swahili og engelsk. Det er dei største språka i den gruppa me har, seier ho.

Kjosaas fortel at dei informerer om god hygiene, og hovudtrekka rundt det som skjer.

– Eg opplever at mange av deltakarane tar hygiene og førebygging veldig seriøst, og at dei tar stort ansvar i denne dugnaden, held ho fram.

Oppfølging

Leiar for flyktningtenesta, Lars Trane, fortel at dei har hatt god kontakt med alle familiane med flyktningbakgrunn.

– Dette kan vera ekstra utfordrande å nå dei som ikkje kan språket, men som ikkje er i integreringsfasen lenger, altså dei som har vore i Noreg i meir enn fem år og ikkje har krav på oppfølging, seier Trane.

Han opplever likevel at det kjem mykje god informasjon på kommunen si internettside, og håpar alle får med seg informasjonen som trengst.

– Me har hatt svært god kontakt med flyktninggruppa. Det er ei gruppe på nærare 200 barn og vaksne. Der har me hatt stort fokus på å gje dei rett informasjon, seier Trane, og held fram:

– Ikkje alle forstår all informasjonen like godt på grunn av språket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trane fortel om eit godt samarbeid med andre tenester. Han opplever at dei som har behov, får den oppfølginga dei treng.

Kjosaas skryt også av samarbeidet og seier dei passar spesielt på den gruppa som ikkje kan norsk enno.

Dei siste flyktningane kom til Noreg hausten 2019. Det var to store familiar. Trane fortel at dei klarar seg veldig bra og at dei er godt i gang med introduksjonsprogrammet.

– Me hadde håpa å ta imot nokre familiar no i vår, men må belaga oss på at nye mottak vert utsette til over sommaren, så får me sjå kva som skjer vidare, seier Trane

Utan jobb

Kjosaas har mykje kontakt med dei deltakarane som held på med norskundervisning samt dei som skal vidare ut i arbeid, og trass i avbrotet i introduksjonsprogrammet, er ho ikkje bekymra.

– Det dei mister av utdanning og arbeidsførebuande tiltak, vil dei få tatt igjen seinare har regjeringa sagt i eit nytt høyringsforslag. Hadde det ikkje vore for dette, hadde eg vore litt stressa, men no tenkjer eg at det skal gå bra, seier ho.

Kjosaas fortel at dei som held på med norskopplæring no har fått eit opplegg på nett, men det er framleis mange utfordringar særskilt for dei som har lese og skrivevanskar og ikkje er vane til digitale system. Nokre opplever vanskar med å logga inn og bruka dei digitale plattformene, men ho håper vil bli betra seg etter kvart.

I tillegg til gruppa som har undervisning, er også fleire av flyktningane i arbeidspraksis. Dette tiltaket er sett på vent, og kan gå utover vegen mot fast arbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Menneske med svak tilknyting til arbeidslivet opplever å vera nokre av dei første som mister jobben. Ofte finn ein mange tidlegare introduksjonsprogramdeltakarar i denne kategorien, seier Kjosaas.

For mykje

I tillegg til avbrot på norskopplæring, må også borna vera heime frå skulen og ha heimeskule. Dette kan vera ei stor utfordring for mange.

– For framandspråklege foreldre er det veldig vanskeleg å støtta borna med skulearbeidet. Sjølv mange norske foreldre tykkjer det kan vera tøft, seier Kjosaas.

Ho håpar dette er noko skulane tenkjer på, og tek omsyn til. Trane opplever at dei har hatt god kontakt med skulane.

– Det er eit brot i opplæringa til borna, men skulane har vore veldig flinke til å ha kontakt med familiane, seier han.

Både Trane og Kjosaas meiner trass i ein del utfordringar, at det førebels går veldig bra og at dei prioriterer å oppretthalda god kontakt med alle familiane. Etter påske planlegg dei å køyra rundt til introduksjonsdeltakarane for å høyra korleis dei har det.

– Oppfølgingsbehovet som ein del familiar har, kan hopa seg opp etter kvart, så viss dette varer lenge, kan det bli krevjande, vedgår Trane.

I denne spesielle tida er dei begge imponert over positiviteten og tolmodet dei ser hos flyktninggruppa.