Språkkafé for alle
Om det ikkje finst ein møtestad der ein kan læra seg norsk, får ein gjera noko med det sjølv. - Eg håpar språkkaféen kan vera ein fin plass å bli litt kjent, seier Fausta Apicella.
Morten Holmefjord
mortenholmefjord@gmail.com
Artikkelen held fram under annonsen.
Fausta Apicella kom til Eikelandsosen i august i fjor saman med sønene Carmine Salerno (15) og Giovanni Salerno (14). Mannen Gianluigi "Gigi" Salerno kom i januarog fekk jobb ved Fusa mekaniske frå august same år.
- Me kom 16. august og skulen starta 17. august, så det var ein brå start, fortel Fausta.
"På vegen"
Etter finanskrisa vart livet i Italia vanskeleg. Sjølv med to inntekter var det lite att når månaden gjekk mot slutten. Før familien sette nasen nordover dreiv Apicella med reingjering i eit kjøpesenter. Ho hadde før jobba på konditori og med data på eit prosjekteringskontor.
Byen Salerno ligg 60 km frå Napoli. Overgangen til Eikelandsosen er stor.
- Livet er veldig stille her. Italienarar bruker mykje tid "på vegen" (utandørs). Om ein har lite pengar, kan ein likevel gå på kafé og ta seg ein kaffi og sosialisera. På søndagane pleidde me å gå på besøk eller invitera venefamiliar, fortel Apicella.
Lokalspråket
Fausta jobbar no som vikar på Tønnekaféen på Fjord'n senter. Når ho ikkje jobbar, bakar ho mykje kaker og går på norskkurs. Ho bruker også mykje tid på Bruktbuo og snakkar med damene der. Ho vil gjerne læra meir nynorsk, for i Fusa er det berre bokmål som blir tilbydd framandspråklege.
- Er ikkje det litt tullete då? lurer me på.
- Me lærer bokmål. Det er litt dumt, men bokmål er også viktig for å forstå tv og aviser. Men går me utom døra, snakkar alle "nynorsk".
Artikkelen held fram under annonsen.
Sønene har teke lokalspråket kjapt.
- Eg høyrte Giovanni snakka med ein ven på telefon for nokre dagar sidan, dei unge lærer fort. Eg lærer også, men gløymer fort, ler Fausta.
Uansett språk
Frå fyrstkomande måndag blir det språkkafé på Tønnekaféen, og annankvar måndag fram til 19. november, og dette har Fausta teke initiativet til. Dette er først og fremst eit tiltak for å praktisera norsk. Ho vil også gjerne at familiar med ungar deltek.
- Me kan til dømes snakka om eit spesielt tema - og så kan me øva meir heime etterpå. Eller me kan berre koma for å høyra på, seier Fausta.
Som andre som kjem til ein ny plass, ønskjer ho seg fleire kjenningar og vener.
- Me kjenner ganske mange. Eller mange kjenner til oss, ler den humoristiske dama.
- Men å få vener tek tid. Det gjeld uansett kva språk ein snakkar, avsluttar Fausta.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Flyktningetenesta i Fusa kommune, Fusa frivilligsentral og Tønnekaféen.