Sportsmann og kommisjonær til evig tid
Lokalkommisjonær Rune Rosvold vil utvida kiosken sin, for å betra tilbodet til dei trufaste kundane. - Utan dei hadde eg ikkje kunna driva vidare, seier Rosvold.
I desse dagar får kommisjonæren ein ny nabo,når dyrebutikken flyttar frå Amfi og inn i lokale der Rosvold tidlegare dreiv sportsbutikken Intersport, som han selte i 2011. I den forbindelse skal det setjast opp ein vegg som gjer at kiosken vert utvida med ein tredjedel.
- Akkurat korleis kiosken vil sjå ut etter utvidinga, er eg usikker på, men det kjem i alle fall eit toalett, og ein ekstra TV-skjerm, seier Rosvold.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det kjem også etter alle solemerke nokre nyutvikla tippemaskiner frå Norsk Tipping.
- Men det skjer først til våren neste år. Det håpar eg i alle fall. Oddsprogramma som er på papir i dag, vert fort utdaterte, for det er så mange kampar som vert spelt. Desse programma vil forsvinna, og kundane kan finna kampar og fylla ut kupongar på dei nye maskinane, seier Rosvold.
Starta på 50-talet
Tidene forandrar seg, og spelekiosken i dag står i sterk kontrast til den onklane til Rune dreiv på Osøyro i si tid.
- Dei starta sportsbutikk og spelekiosk på 1950-talet. Då låg butikken der taxien og bussplassen er i dag. Alle kupongane som vart levert, tok dei med seg heim for å sortera og sjekka for feil, før dei vart sende vidare til Oslo. Det var ikkje før mot slutten av 1980-talet at det vart mogleg å levera det elektronisk, seier Rune.
Omsetjinga ned med 20-25 prosent
Den teknologiske utviklinga er kjærkomen på nokre måter, men samstundes har det ført til at omsetnaden ikkje er som han ein gong var. I dag er det sterk konkurranse med bookingselskap som Betsafe, Unibet, Nordic Bet, og så vidare. Ja, til og med Norsk Tipping er ein konkurrent.
- For sju år sidan var omsetjinga 20-25 prosent høgare enn i dag. Nedgangen skuldast at det er blitt så lett å tippa heimefrå. Det er det ikkje noko å gjera med, for ein kan ikkje stoppa teknologisk utvikling. Eg har heldigvis ei god gruppe trufaste kundar, seier Rosvold.
Gler seg til å gå på jobb
Rosvold er på fornamn med dei fleste som kjem innom, og har alltid eit smil på lur.
- Me må ha det moro på jobb, og le mykje. Det skal vera ein god tone med kundane, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det ser ut som at du verkeleg trivst med det du gjer?
- Ja, og det er eg glad for. Noko av det viktigaste som er, er at ein ikkje kvir seg, men gler seg til å gå på jobb.
Det er mange som spør om han ikkje saknar å driva sportsbutikken, som han selte for fire år sidan.
- Det gjer eg i grunn ikkje. Det blei til tider veldig hektisk å driva både kiosken og butikken. Dessutan har eg jo nett dei same kundane no som eg hadde då. Det er det viktigaste, smiler Rosvold.
Dei trufaste kundane
Tidlegare var spelekiosken ein del av sportsbutikken, men i 1999 flytta han kiosken inn der han tidlegare hadde lager. Medan me sat og snakka med kommisjonæren i dag, sat tre av dei trufaste kundane på eit bord ved sida av oss. Dei har vanka på spelekiosken heilt sidan det blei ein eigen del i 1999.
- Kva er det som gjer at de trivst så godt her?
- Gratis kaffi er viktig, humrar Stig Gamlemshaug.
- Me kjem innom for å prata litt. Det er alltid folk her. Det er sosialt, og eit godt miljø, og god kaffi, ler Terje Sivertsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje alltid dei er innom for å tippa, men i dag er det fem millionar i bonuspott på midtukekupongen.
- I dag satsar me litt hardare enn vanleg, nettopp på grunn av bonsuspotten. Då er me ein god gjeng som går saman, seier Gamlemshaug.
Sel skosolar
Sjølv om det er nokre år sidan han selte sportsbutikken, og han seier at han ikkje saknar han, så er ikkje Rosvold heilt ferdig med å selja sports-remediar. Han har nemleg ein maskin i kiosken, som skreddarsyr skosolar.
- Dette er det beste produktet eg har hatt i all mi tid som innehavar av sportsbutikk. Eg berre måtte ha han i kiosken. Det er så mange som går med dårlege sko, utan skikkeleg sole, og det går utover kroppen. Maskinen lagar solar som er skreddersydd for føtene til dei som trør på maskinen. Dei hjelper og på blodsirkulasjonen, og kundar seier dei føler seg varm på beina om vinteren. Det er grunna betre blodsirkulasjon, smiler Rosvold.