Sponheim vil ha Tysnes inn i Bjørnefjorden kommune
I dag sender fylkesmann i Hordaland Lars Sponheim si tilråing til regjeringa. I denne er Tysnes del av Bjørnefjorden kommune.
NRK sender direkte frå presskonferansen der fylkesmannen legg fram si offisielle tilråing.
Sponheim vil gå frå 33 til ti kommunar i fylket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei ti kommunane blir då som følgjer:
Nye Øygarden: Sund, Fjell og Øygarden.
Nordhordland: Lindås, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy.
Nye Bergen: Bergen, Osterøy, Vaksdal, Samnanger og Austevoll.
Bjørnefjorden: Os, Fusa og Tysnes.
Nye Voss: Voss, Granvin, Ulvik og Eidfjord.
Nye Ullensvang: Ullensvang, Jonsdal og Odda.
Sunnhordland: Fitjar, Stord, Bømlo og Sveio.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fylkesmannen foreslår at følgjande kommunar held fram åleine:
Askøy, Kvinnherad, Kvam og Etne.
Fylkesmannen understrekar også at han ikkje vil tilrå tvang i kommuesamanslåinga i Hordaland.