Spleisar på Bergens bos-sug
Osingar og fusingar må betala nesten 200 kr i året for det nye bos-suget i Bergen.
Har du lurt på kvifor det står "Grunnpåslag bossnett 75 kr" i BIR-fakturaen? Ikkje?
Det har i alle fall ein merksam avislesar lurt på. Og her kjem svaret:
Artikkelen held fram under annonsen.
I får fekk Bergen fekk nytt bos-sug, eit av av verdas største underjordiske, rørbaserte system for opp- og innsamling av avfall.
Som medlem av BIR, må Bergens omeignskommunar vera med og betala for dette. Noko som forklarer den før nemnde linja og kostnadsauken på 75 kroner på BIR-fakturaen.
I løpet av eitt år må dermed kvar husstand betala om lag 200 kroner i "bos-sug-avgift", inkludert moms.
Rettferdig
Kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal i BIR meiner ordninga er rettferdig, også for osingar og fusingar.
- Dersom alle skulle ha betalt berre det dei sjølv kostar, skulle jo bergensarane ha betalt mindre for transport av avfall. Avstandane frå byen til Rådal og andre avfallstasjonar, er trass alt mykje kortare enn frå Fusa, seier ho og legg til at Bergen no endeleg kjem opp på same nivå som dei andre kommunane.
- Det er lenge sidan Bergens renovasjonssystem vart fornya. Bergensarane har til dømes måtta dra med seg søppelet til ulike returpunkt for å levera plast eller papir. Med bos-sug kan dei endeleg kjeldesortera heimanfrå, fortel Skudal.
BIR, eller Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap, er eigd av dei ni kommunane Bergen, Askøy, Sund, Fusa, Os og Osterøy. Dermed har Os og Fusa kommunar vore med og vedteke at dei skal vera med og spleisa på Bergens bos-sug.
- Eigarane har samtidig bestemt at dette skal syna att på fakturaen, forklarer Skudal som legg til at lik pris for like tjenester er et grunnprinsipp i BIR-samarbeidet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ny gjenvinningsstasjon
- Bergen får nytt bos-sug, kva goder vert Fusa og Os til del?
- I løpet av sommaren 2016 er Fusa ein av tre kommunar som får ny og flott gjenvinningsstasjon, men dette vert ikkje spesifisert på fakturaen, seier Skudal og legg til at det utan BIR-samarbeidet hadde vore vanskelegare å få til denne investeringa.
- Når det gjeld Os, vart mottaket for farleg avfall pussa opp sist vinter med nye vekter og registreringssystem. Men i alle de ni kommunane pågår det kontinuerleg fornying etter tur, seier ho.