Speler ut «Julekortet»
Til liks med på AMFI Os, vert det liv og røre også i Os sentrum torsdag kveld. Sentrumsforeininga speler blant anna ut «Julekortet».
Medan senteret på Flåten held ope til nattestid, utvidar Os sentrum til godt ut på kveld.
- Me ser mange fordelar ved å samarbeida med AMFI Os. Dette blir ein flott handelsdag i heile Os, seier næringssjef i Os og styreleiar i Os sentrumsforening, Daniel Skotheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
I samband med kveldsope-arrangementet lanserer sentrumsforeininga også det nye kundeframstøtet, «Julekortet».
- Kort fortalt er dette eit kort ein samlar stempel i for kvart kjøp. Etter fem stempel er ein med i trekninga om ulike premiar og gåvekort, fortel Skotheim.