Bjørnatrynet: N/A

Sparkar i gang årets strandrydde-aksjon på laurdag

Os Rotary har teke på seg ansvaret.

Laurdag startar årets strandryddeaksjon i kommunen, og Os Rotary held i trådane.

Dei startar med rydding i Smievågen laurdag føremiddag, der dei også skal setja ut ein benk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hans Anton Kleiven opplyser at dei samstundes vil dela ut hanskar og sekkar til dei som ynskjer å bidra til årets aksjon.

– Me er å finna på parkeringsplassen der mellom kl 11 og 13, opplyser han.

Og skulle det vera behov for hjelp til å plukka opp fulle bossekkar langs sjøen, kan Os Rotary kontaktast, så kjem dei og hentar med båt.