Sparka mann som låg nede

Ein mann svima av etter å ha vorte sparka i hovudet av ei kvinne utanfor ein utestad i Os natt til laurdag.

Klokka 0125 fekk politiet i Os melding om at det var amper stemning på ein utestad i Os. To menn hadde barka saman.

- Vaktene på staden klarte å få kontroll på mennene. Dei hadde lagt han eine i bakken, då ein kvinneleg part, som, slik vi oppfattar det, hadde ein relasjon til han andre, sparka mannen som låg nede i hovudet slik at han svima av, opplyser Terje Magnussen ved operasjonssentralen i Hordaland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna sit no i arrest i Bergen. Det vil ifølgje Magnussen bli tatt avhøyr av ho i løpet av dagen.

- Mannen som vart sparka i hovudet vart sendt til Haukeland til observasjon, medan den tredje personen som var involvert i hendinga fekk pålegg om å forlata staden, fortel Magnussen.

Det er oppretta sak på forholdet.