Spanske jenter vann Europan
Nokre unge spanjolar hadde den beste ideen for utvikling av Os hamn. Det fastslo juryen i Europan i går.
Nokre av verdas beste unge arkitektar har sett med friske auge på utviklingspotensialet i Os hamn gjennom den internasjonale arkitektkonkurransen Europan. I går vart vinnarane kåra av ein jury beståande av norske og internasjonale byplanleggingsekspertar, blant andre Ellen Hellsten og Sverre Landmark.
Juryen meiner at fire unge spanjolar frå det internasjonale arkitektkontoret KnitKnot Architecture har kome med den beste ideen i prosjektet «Osurbia». Dei vann framfor nokre rumenske arkitektstudentar. Desse er Diana Cristobal Olave, Tania Oramas Dorta, Alicia Hernanz og Gonzalo Jose Lopez Garrido. Prisutdelinga fann stad i Arkitektenes Hus i Oslo torsdag kveld. Her er juryen si vurdering av vinnarideen, Osurbia, omsett frå engelsk:
Artikkelen held fram under annonsen.
"Vinnarprosjektet gjev Os ein identitet - ikkje ved å romantisera - men ved å framheva livsstilen i ein forstad på ein tidsriktig måte. Prosjektet «har lært frå Os» og den eksisterande forstadskonteksten ved å identifisera ulike element i den eksisterande bygningsstrukturen på Osøyro, og vidareutviklar desse ved å skapa blandingsbygg (hybrider) som blir endringsagentar for bygdesenteret.
Osurbia-konseptet tek utgangspunkt i dei fem elementa i ein forstad: Einebustaden, parkeringsplassen, kjøpesenteret, bensinstasjonen og «forstaden utover bustadene». Eit sjette element - The Strip (smalt landområde) - organiserer desse elementa og koplar dei saman til det omkringliggjande bygdesenteret, frå nord til sør. Prosjektet føreslår å ekspandera og transformera ei eksisterande rundkøyring til ein offentleg transportterminal på bakkenivå med parkering på taket, og på den måten løysa mange noverande problem på ein enkel, men sofistikert måte.
Bensinstasjonen på staden vert sett som ein integrert del av Osøyro, og er smelta saman med eit nytt offentleg arrangement beståande av museum, galleri og bibliotek i ein åtte etasjar høg bygning. Den tradisjonelle forstadsbustaden er erstatta av hus som er basert på å blanda ulike grupper av bebuarar med hage på deling.
Vinnarprosjektet peiker på viktige tema som står på spel i bygdesenteret, og illustrerer ein enkel, men fungerande områdeplan som tek tak i spørsmål knytt til mangelen på samankopling og fragmentering. Dei historiske bygningane vert gjeve ny viktigheit, ei ny fotgjengarbru inkluderer ein offentleg park, og kjøpesenteret er integrert som ein viktig aktivator langs elvebreidda. Prosjektet illustrerer vidare ei truverdig løysing for private bustader langsmed brygga.
Juryen sette pris på måten bensinstasjonen vert endra ved å leggja til offentlege og kulturelle institusjonar sidan bensinstasjonen er eit av dei store møtepunkta i bygdesenteret i dag, og også korleis trafikken og parkeringsutfordringa vert løyst ved å plassera eit bygg som kombinerer parkering og offentleg transport i ei rundkøyring og på den måten redusera inaktivt bil-areal i bygdesenteret. Generelt viser all gjenbruk og omdefinering ei djup forståing av Os og bygdas framtidige potensial på ein overraskande og forfriskande måte."