Spanande lommelykt-tur i Ervikane
Sjølv i stummande mørke er ikkje borna i Barnas Turlag redde for verken rev, ulv eller bjørn.
Laurdag ettermiddag ankom born og vaksne parkeringsplassen i Ervikane. Då parkeringsplassen var nesten fylt med bilar, starta turlaget å gå inn i mørket i retning Ervikane. Nokre med hovudlykt, andre med lommelykt, for å finna vegen fram til bålplassen.
- Ungane synest det var spanande. Me overhøyrde mange diskusjonar om kor farleg reven, ulven og ikkje minst bjørnane er. Men konklusjonen til ungane var at sidan me var så mange, så kunne ikkje bjørnen gjera oss noko, seier Kjetil Nygård, leiar i Barnas Turlag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Langt frå mørkredde
Vel nede ved sjøen, slo turlaget leir i den største vika. Der hadde dei alt laga til bål, og ungane kunne starta å grilla pølser og marshmallows.
- Eg trur marshmallows stod høgare i kurs enn laurdagsnopet på laurdag, seier Nygård.
Vêrgudane spelte ikkje på heilt på lag med turlaget, utan at det hadde nokon innverknad på humøret til verken store eller små. Ikkje var ungane særleg mørkredde heller.
- Då me starta og siga heim, tok ein del ungar av lommelyktene sine, for dei synest det var ekstra kjekt å gå i mørkret utan lys, seier Nygård.