Ein av kommunens mange vakre badeplassar finn du på Vinnesholmen.

Sommarvarmen byr på høge badetemperaturar

Sommarvêr i kommunen gir gode bademoglegheiter.

På torsdag gav Alexander Skeltved ved Meteorologisk institutt håp om sommarvêr i Bjørnafjorden. Laurdag har syden-varmen entra kommunen.

Les også
Fine sommardagar i vente: — Laurdag vert den finaste dagen

Sommarvarmen er ein gyllen moglegheit for å ta seg eit forfriskande bad. Badetassen har tatt temperaturen ved tre populære badeplassar i Bjørnafjorden kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden byr på fint sommarvêr i helga.

Badetemperaturar på over 18 °C

For frysepinnen er Vinnesholmen badeplassen som byr på den høgste badetemperaturen. Her kan ein nyta eit forfriskande bad på 18,5 varmegrader.

Mobergsvika er like bak og kan by på ein badetemperatur på heile 18,2 varmegrader.

Om ein ønskjer seg ein litt kjøligare symjetur kan ein ta turen til Ervikane i Nordstrøno. Her målar badetemperaturen nøyaktig 18 varmegrader.