Sommarkyrkja
Også kyrkja sine folk skal ha ferie og då må andre steppa inn.
Journalisten bommar på preika med ein time, men får med seg både postludium, kaffislurping og Maryland Cookies.
På orgelkrakken sat Tormod Rebnord, som i følgje rykte sett ut av ein av kyrkjekontoret sine medarbeidarar, var hovudattraksjonen denne søndagen. Han kunne nemleg traktera både fiolin og orgel på same tid, noko som verka som det reinaste musikalske under. Me vart litt skuffa då det viste seg at han spelte på strengeinstrumentet med hendene og på orgelpedalane med føtene. Avisa sin utsende hadde sett for seg noko meir spektakulært, kanskje noko som streid mot naturlovene. Men som så mykje anna her i livet, hadde dette også sørgjeleg nok si naturlege forklaring. Men musikken var framifrå, berre for å ha det sagt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Prestemanko
Me set oss i sakristiet for å koma unna den summande, kaffidrikkande kyrkjelyden, saman med Rebnord og prestevikar Marita Bjørke Ådland. Sistnemnde har etter 12 år som lærar på Kristeleg gymnasium i Oslo bestemt seg for å bli prest. Sommarjobben har ho for å samla erfaring og for å få vera litt ekstra mykje på Vestlandet i sommar. For sjølv om det blir færre preiker og prosti blir slegne saman, er det trong for fleire prestar.
- Om lag 100 prestar går av med pensjon kvart år og kanskje blir det utdanna i underkant av 20, fortel Bjørke Ådland.
Prestegjerninga er ei blanding av det åndelege og det praktiske, og ein blir kjent med einskildmenneske.
- I tillegg er det ein fin dynamikk i jobben. Og så liker eg å skriva, laga preiker og arbeida med bibelstoffet, fortel ho.
Smale vegar
I følgje organistvikaren er ho også ein i den vesle prosenten prestar som ikkje søkk i tonen når ho messar. På lange, smale vegar i prostiet er det god tid til å øva opp røysta før gudstenesta.
- Eg byrjar gjerne forsiktig med Lillebjørn Nilsen, Les Miserables...så sit eg der og gaular og kosar meg, seier kvemmingen.
Orgelpipe
Dei to har berre (sjølvsagt) godt å seia om Fusa. Her er ordning på det meste, med lister og e-postar i søkk og kav. Det har stort sett gått greitt.
- Ein gong hang ei pipe seg opp i fusaorgelet utan at eg kunne gjera noko med det. Då ringjer Iman (de Zwarte) dagen etter og fortel kva eg skal gjera, fortel Rebnord.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Folk er ikkje så stive her inne som eg hadde trudd. Eg har ofte fått applaus.
Fiolinspel
Rebnord er legestudent og jobbar 100 % på Haukeland sjukehus i tillegg til kyrkjejobben i Fusa, og kan difor litt både om organ og orgel. Det er femte sommaren han er i soknet.
- Kor gammal er du då eigentleg, spør prestevikaren og snur seg overraska.
- 22, svarar multitalentet frå Sotra.
Det er fiolin som er hovudinstrumentet. Løyndomen bak multitaskinga på galleriet er enkel.
- Eg kjem ikkje inn her før kl. 10.00 og då skal det gå fort. Ikkje har eg orgel å øva på heller. Men eg trur det er mange gamle damer som liker fiolinspelet, seier han.
Bjørke Ådland kan avsløra at ho spelte fele i heile sju år.
- Korleis gjekk det då, lurer me på.
Artikkelen held fram under annonsen.
-Nei du, det gjekk rasande dårleg.
Harde tider
Ikkje alle kan bli ein håling på fele. Men det er andre viktige oppgåver i samfunnet som krev sitt i desse trengselstider. Som til dømes prestegjerninga.
- Det viktigaste eg kan gjera som prest er å formidla evangeliet om den rause og nådige Jesus. Der har kyrkja ein unik sjanse til å kommunisera ein annan bodskap, om kjærleik og nåde. Me må berre gripa sjansen, avsluttar Bjørke Ådland.