Nore Fusa Vekst SA vil driva privatskule i Nore Fusa, og følgjer etter Strandvik Vekst AS og Hålandsdal SA som har fått innvilga søknaden om å driva skule med Montessoripedagogikk. (Arkiv
Nore Fusa Vekst SA vil driva privatskule i Nore Fusa, og følgjer etter Strandvik Vekst AS og Hålandsdal SA som har fått innvilga søknaden om å driva skule med Montessoripedagogikk. (Arkiv

Søkjer om å få bli privatskule

Strandvik Vekst AS og Håladsdal Vekst SA har tidlegare fått godkjenning til å driva privat skuledrift med Montessoripedagogikk. No ønskjer Nore Fusa det same, og i kveld blir det eit ekstra kommunestyremøte for å handsama saka.

Os og Fusaposten har prøvd å få tak i styreleiar i Nore Fusa Vekst SA utan å lukkast. I kveld skal ordførar Atle Kvåle og resten av kommunestyret handsama Nore Fusas søknad om privatskule for barneskuleelevane i 1.-7. trinn.

Kvåle ville ikkje seia så mykje i forkant av møtet i kveld, men han fortel at dei kjem til å inn for rådmann Berit Fløisands innstilling i saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi i Arbeidarpartiet er veldig reserverte i forhold til den utviklinga som er i Fusa i forhold til privatskular. No er det kome to Montessori-skular. Vi er ikkje positive til ein tredje Montessori-skule. Det vil ikkje vera i tråd med vår politikk, seier han.

Vil få alvorlege konsekvensar

I rådmannen sitt framlegg til vedtak står det blant anna at kommunen har eit elevgrunnlag i barneskulen på om lag 380 elevar, der om lag 20 av desse går i privat skule. To skular med Montessoripedagogikk er allereie godkjende, og under etablering.

Rådmann Berit Fløisand skriv vidare at Fusa kommune ikkje kan sjå skulefaglege argument for å oppretta fleire private skular som driv etter same predagogikk.

- Foreldre som ønskjer skule med alternativ pedagogikk for sine born, kan søkja om opptak ved annan skule i kommunen som allereie tilbyr Montessoripedagogikk, heiter det i forslaget til vedtak.

Fusa kommune har i følgje framlegget fatta vedtak om å endra skulestrukturen for å ivareta høg skulefagleg kvalitet, oppnå naudsynte innsparingar og få handlingsrom til å prioritera mellom ulike tenesteområde. - Om fleire private skular vert etablere, vil det få alvorlege konsekvensar for kommunen sin økonomi og tenestetilbod.

Os og Fusaposten kjem attende med meir etter kommunestyremøtet.