Søkte med redningshelikopter
Redningshelikopter vart tysdag kveld sett inn i søket etter sakna kvinne.
Kvinna i 60-åra vart meldt sakna frå heimen sin i Varåsen tysdag morgon.
Søket etter kvinna heldt fram utover tysdag kveld og natt til onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet vart tysdag morgon orientert om at ei kvinne i 60-åra var borte frå bustaden sin.
Kvinna er 178-180 cm høg, tynn med mørkt skulderlangt hår. Ho går truleg i støvlettar og svart, prikkete skjørt.
Klokka 18.40 fekk Os & Fusaposten stadfesta frå Hovudredningssentralen i Sør-Norge at det var sett inn redningshelikopter frå Sola i søket etter kvinna.
Redningshelikopteret låg tysdag kveld for det meste over Tøsdal, Tøsdalsvatnet og forbi Borgafjell.
Ifølgje BT vart Sivilforsvaret også kalla inn like før kl 21.30.
– Søket vil pågå gjennom natta, opplyste operasjonsleiar Tore-André Brakstad til avisa tysdag kveld.
Eventuelle tips og observasjonar kan meldast til politiet på telefon 476 96 060.