Oppfølging av Lyseparken (biletet), oversikt og forvalting av ledige næringsbygg og tomter og oppfølging av grûnderar vert sentrale oppgåver for næringssjefen i Os.
Oppfølging av Lyseparken (biletet), oversikt og forvalting av ledige næringsbygg og tomter og oppfølging av grûnderar vert sentrale oppgåver for næringssjefen i Os.

Søkjer handlekraft i jakta på næringssjef

Å kunna setja ein idé ut i livet er eit vesentleg kriterium for Os kommunes nye næringssjef.

Os kommune skal tilsetja ny næringssjef. Målet med stillinga er å skapa nyetableringar i Os, og "leggja til rette for aktivt samarbeid med eksisterande næringsliv".

I følgje den ferske stillingsannonsen er handlekraft heilt avgjerande for han eller ho som vert tilsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen søkjer kandidatar med "ungdomeleg pågangsmot som evnar å omsetja ein idé til praksis" på ein rask og god måte.

Den nye næringssjefen skal jobba tett med dei 45 medlemsverksemdene i Os sentrum for å utvikla sentrum i tråd med prosjektet Liv på Øyro. Oppfølging av Lyseparken, oversikt og forvalting av ledige næringsbygg og tomter og oppfølging av grûnderar vert andre sentrale oppgåver.