Snudde kampen og vann
Etter ein dårleg 1. omgang kom Lysekloster sterkt. Innbytarane skåra og ordna 2-1-siger over Sola.
- Me snakka om det før kamp i dag. Det å ha gode innbytarar er veldig viktig på dette nivået. I dag kom Sindre Flaa Hitland og Denis Ljubovic inn og skåra eitt mål kvar. Dermed vart det fortent, og viktig siger over Sola, seier Lysekloster-trenar Thomas Sandal.
Held fjerdeplassen
Mot tabelljumboen var det nok venta siger, men det er ikkje alltid like lett.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me spelte ein dårleg førsteomgang, fekk ein straffe imot og kom under 0-1 til pause. Etter kvilen var det ein heilt anna vilje i laget. Då spelte me stundom bra, og vann til slutt fortent, oppsummerer Sandal.
Denis Ljubovic kom inn som spiss. Han skåra det avgjerande målet med ein resolutt avslutning i det 88. minuttet.
- No held me fjerdeplassen til neste runde. Då møter me VIF2 borte. Det blir tøft, men eg veit at på vårt beste skal dei få slita, uansett kva mannskap dei stiller med, seier Sandal.
- Korleis er det med gutane i dag. Får dei ta seg eit glas på Osfest og feira litt?
- Hm, lat meg seia at dei ikkje har Osfest-nekt, hehe. Om dei tek eit glas eller to i kveld, så unnar eg dei det, svarar Sandal.