Snømåking og bil i grøfta
Som følgje av snøfallet i morgontimane hamna ein bil i grøfta ved Lyse kloster-ruinane.
Klokka 7.50 i dag fekk politiet melding om at ein bil hadde hamna utanfor vegbanen ikkje langt frå klosterruinane.
- Det oppstod litt trafikkork på staden. Men etter kvart greidde mannen å få bilen opp i vegen att for eiga maskin, seier politioverbetjent Audun-Hadler Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elles har ikkje politiet fått melding om problem på glatten.
For halv maskin
Teknisk vakt kan melda om at dei har hatt folk i sving både i går ettermiddag og i dag tidleg nårdet umelde snøvêret viste seg.
- Me brøyta ganske bra då det kom snø på onsdag, så dermed var ikkje jobben like stor i dag. Me har difor ikkje sett behov for å ha alle mann i sving samtidig, seier Torunnn Paus.
6 køyrde utan belte på glatten
Elles kan politiet melda om at dei hadde kontroll oppe ved Rema 1000 Kuven stasjon i går kveld frå kl 22.30 til kl 1.
- Tre fekk forelegg for bruka av mobiltelefon, og 6 forelegg vart skrivne ut for å ikkje bruka belte, opplyser Hadler-Olsen.