Snart kjem Baronsgården-husværa for sal

Prisen for å bu i Baronsgården vil truleg bli på mellom 2,4 og 5,3 mill. kroner per husvære. Sjå dei nye teikningane!

Etter at dei politiske omkampane om Baronsgården er overstått, har Os bygg og eigedom i sommar fått dei siste formelle sidene ved prosjektet godkjent. No er bygget kontrahert og anbodsprosessen overstått, og Paal Herland i Os Bygg og Eigedom seier at dei no er veker unna salsstart.

- Me vonar at salsstarten er i gang før jul. Banken har sett krav om at 55 prosent av dei 26 husværa (altså rundt 14 husvære) må vera selde før byggjestart, seier Herland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye teikninga som no blir offentleggjorde, syner eit lysare bygg, med arkitektoniske element frå gamle Oshjørnet, samt inspirasjon frå funkis-arkitekturen i nabobygget tvers over gata.

Vurderer prisane

Meklaren er i ferd med å setja prisar på dei ulike husværa i bygget. Dei varierer i storleik frå 52,5 BRA til 95 BRA.

- Eg tippar at prisen på dei minste husværa blir på i underkant av 2,5 mill. kroner, medan dei største nok vil liggja på rundt 5,3 mill. kroner, seier han.

Butikkar i første etasje

Os bygg og eigedom har tru på at dei kan gå i gang med bygginga sommaren 2017. Sjølve byggjeprosessen vil ta mellom 18 og 24 månader, slik at Barongsården kan vera innflyttingsklar rundt sommaren 2019.

- Kva kan du seia om næringsaktørane i første etasje?

- Strikkebutikken blir etter alt å døma verande. Det er også god interesse for dei andre næringslokala. Men det er ikkje signert avtalar enno, seier Herland.

Årsaka er at han ikkje kan gje nokon klar dato for innflytting, sidan det er avhengig av kor godt førehandssalet går.

- Dersom nokon vil inngå ein open avtale med oss, utan å ha denne datoen på plass, er me sjølvsagt opne for det, legg han til.