Snakk om iskald og bråkete tur: Køyrde bil utan bakrute
Han må ha hatt alt anna enn ein behageleg biltur, den eldre føraren som vart stoppa av politiet på Ulvenvegen.
Politiet fekk inn «ei rar melding» frå ein bilførar seint måndag kveld.
Han låg nemleg bak ein bil over Fanafjellet, i retning Lysefjorden, som heilt mangla bakrute.
Artikkelen held fram under annonsen.
I Lysefjorden svinga bilen i retning Drange og vidare over Åsen.
Politiet fekk stoppa bilen på Ulvenvegen og tok ein prat med føraren.
Det viste seg å vera ein eldre kar på veg til Bømlo.
— Han forklarte at han hadde vore uheldig og knust ruta då han skulle lata igjen bakluka. Årsaka var noko han frakta i bagasjerommet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Mannen var klink edru, køyrde fint og heldt sida si, og fekk lov til å køyra vidare.
Med seg fekk han ein mangellapp og pålegg om å ordna ny bakrute dagen etter.
— Det må jo ha vore iskaldt i den bilen. For ikkje å snakka om kor mykje bråk det må ha vore, seier Lyssand.