Smitteverntelefonen: Malin og kollegaene blei nedringde
Då smitteverntelefonen blei opna, gjekk telefonen varm. No svarar dei på kring 30 «korona-telefonar» dagleg.
Ut på dagen onsdag 18. mars blei telefonlinja opna. Dei som ringjer får fire tasteval. Helsesjukepleiar Malin Handeland Fossli og kollegaene svarer på av to tasteval - eitt for interne og eitt for eksterne meldingar.
– Vi handterte 241 samtalar frå onsdag til søndag den veka telefonen blei opna. Då sat vi og svarte fortløpande, fortel Handeland Fossli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag 13. mars, dagen etter at skulande blei stengde, fekk dei som jobbar på helsestasjonen og skulehelsetenesta i førebyggjande helseteneste, beskjed om at dei skulle ta i mot oppringingar på smitteverntelefonen. Dei var fem i starten. No er dei seks som svarar på telefonar.
– Det har gått litt opp og ned kor mange som har ringt kvar dag, men eg reknar med at vi ligg på i underkant av 30 samtalar kvar dag. I starten måtte vi svara telefonar fortløpande. No prøver vi å få gjort litt anna arbeid innimellom på heimekontor, fortel Handeland Fossli.
I starten var det mange som hadde spørsmål kring bruk av hytta.
– Då regjeringa gjekk ut og sa at det ikkje var lov å bruka hytta, roa det seg med talet spørsmål om det. Spørsmåla har ofte samanheng med regjeringa sine tiltak, seier Handeland Fossli.
Det er mange som tek kontakt, som har symptom på koronaviruset. Det er ein del helsepersonell som er usikre på kva dei skal gjera og om dei kan gå på jobb. Pårørande frå andre kommunar, som ikkje får besøkt eldre foreldre til dømes, tek også kontakt.
– Då bruker vi skjønn. Vi ser på hjelpebehovet, om det er mogleg at dei som gjerne ikkje har nokon som kan hjelpa dei i Bjørnafjorden, kan få hjelp på andre måtar. Er dette ein person som eigentleg er avhengig av mykje hjelp frå heimesjukepleia, men som ikkje kan få det i desse dagar? Det er også noko vi ser på. Er det absolutt naudsynt at dei må koma og hjelpa, så gir vi råd som syt for at både innbyggjarar i Bjørnafjorden og dei sjølve er så godt skjerma som mogleg. Kan henda vi blir usikre i nokre tilfelle. Då tek vi kontakt med kommuneoverlegen og høyrer kva vi bør gjera.
Det er til no elleve personar som har fått påvist koronaviruset i Bjørnafjorden kommune. Det var i starten slik at berre helsepersonell blei sjekka. Men også andre i samfunnskritiske funksjonar, risikopasientar og nærkontaktar blir testa.
– Dei eksterne som har symptom på koronaviruset, blir oppmoda til å kontakta fastlege via e-melding, slik at dei får kontakt med legen, og får ei medisinfagleg vurdering, fortel Handeland Fossli.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er vanskeleg å slå fast kor mange i Bjørnafjorden som faktisk er eller har vore råka av koronaviruset. Er det mange som tek kontakt som viser klare symptom på at dei er råka?
– Vi har hatt ein del slike tilfelle, ja. Det er vanskeleg å seia nøyaktig kor mange, då vi er fleire som svarer på telefonen, men det skjer, seier Handeland Fossli.
Det dei aller fleste førespurnadene går på i desse dagar, er nettopp dette med symptom. Folk lurer på om dei kan vera smitta.
– Vi gjev råd i forhold til graden av symptom. Om helsepersonell er usikre, bør dei halda seg i karantene eller ta ein test. Om det berre er at ein kjenner seg litt forkjølt eller tett i nasen, skal ein halda seg heime til ein er symptomfri, pluss ein ekstra dag. Vi følgjer helsedirektoratet sine retningslinjer.