Kontantstøtta fungerer for mange som ein ventestønad fram til barnet får barnehageplass. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Småbarnsmødrer jobbar mindre etter at kontantstøtta auka

Ein fersk Nav-rapport konkluderer med at småbarnsmødrer jobbar mindre etter at regjeringa auka kontantstøtta i 2017.

Småbarnsmødrer jobbar no i snitt 1,4 time mindre i månaden, ifølgje Dagsavisen.

Den ferske Nav-rapporten viser at foreldre som er fødde i austeuropeiske EU-land, har redusert arbeidstida mest i forhold til foreldre frå andre land etter at kontantstøtta auka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når satsane for kontantstøtte aukar, er det rimeleg å anta at preferansane for arbeid blir svekte. Ein auke i kontantstøtteutbetalingane kan med andre ord gjere det meir gunstig å redusere talet på arbeidstimar, fordi det er mindre å tene på å vere i arbeid, seier rådgivar Magne Sortland i kunnskapsavdelinga i Nav.

Regjeringa oppjusterte kontantstøtta i 2017 frå 6.000 til 7.500 kroner i månaden etter press frå KrF. Partiet har tatt til orde for å utvide kontantstøtta ytterlegare. Høgre vil behalde ho, Venstre vil erstatte ho med ei ventestøtte for familiar som ventar på barnehageplass og Frp vil gjere den kommunal.

Blant opposisjonen vil Sp behalde ordninga, medan Ap og SV vil gå inn for ei venteordning.

Ifølgje Sortland fungerer kontantstøtta som ein ventestønad fram til barnet får barnehageplass.

– Samtidig ser vi at det er ei mindre gruppe som framleis vel å ta ut full yting i heile stønadsperioden. I denne gruppa er foreldre med minoritetsbakgrunn overrepresentert, seier Nav-rådgivaren.