Sluttspurten er i gang
- Dei tre siste dagane er alltid dei travlaste og beste. Beste gjennom heile året, smiler Janicke Foss.
Eigar og dagleg leiar av Foss Ur og Smykker har drive butikken i AMFI Os i fem år. Ho veit difor veldig godt at dei siste tre dagane før julaftan kan vera ei gullgruve.
- Me har mange mannfolk som i villrede leitar etter noko til kona eller kjærasten, men det er også menn som berre har teke seg god til til å sondera marknaden, før dei slår til og kjøper den store kjærleiksgåva, seier Janicke.
Artikkelen held fram under annonsen.
To vekers forteneste
22. desember kallar ho starten på sluttspurten.
- Det er no det byrjar å bli trøkk, men sånn heilt av, tek det ikkje før vesle julaftan. Då er det verkeleg trøkk. På ein god vesle-julaftan-dag kan me faktisk tena inn det same som me gjer på to vanlege veker elles i året, fortel Janicke.
Då «Os og Fusaposten» var innom butikken hennar tysdag ettermiddag var det lite tilløp til panikk blant kundane.
- Eg er her berre for å kjøpa ei lita ekstra gåve. Eg er eigentleg heilt i mål og har stålkontroll på julehandelen, humrar Siv Marian Lind.
Ho liker ekstra godt å shoppa hjå Janicke.
- Eg diggar at ho lagar eigne smykker og eg har kjøpt mange av ho opp gjennom åra. Dessutan er me gamle klasse-veninner, så då er eg pent nøydd til å støtta opp om butikken hennar, ler Siv Marian.
Blome-rush
Det nærmaste me kom skikkeleg rush-tilstandar på tysdag var i blomebutikken Floriss. Der stod køen ut døra.
- Det er ikkje jul utan skikkeleg trøkk i blomebutikken her, smiler Ingrid Linde bak disken. I lag med tre-fire andre kollegaer pakkar ho bukettar i eit forrykande tempo.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det går mykje i rose-, tulipan- og amarylis-bukettar. Elles er jo julestjernene sjølvsagt populære, seier Ingrid Linde.
- Har de nok då?
- Ja, eg trur det skal halda. Me har fått gode forsyningar, seier ho.
Old school
På Elkjøp møter me Øystein Reiertsen Tholo. Strandvikingen som har sin eigen nettsignatur som «Bygdatulling», meinte å ha bra kontroll på julepakkane. Pengane var det verre med.
- Har du mykje igjen?
- På konto? Nei, der er det eit stort vakum.
- No tenkte eg mest på julegåver.
- Å, ja, nei. Eg har vel kjøpt såpass at kontoen har fått svi. Jo, eg er vel sånn noko lunde ferdig med dei, ja.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Så kva gjer du har på Elkjøp no då?
- Eg skulle hatt meg noko sånn old school film-utstyr. Først kom DVD-ane, og så kom Blue ray-en. Begge deler er vel avleggs i dag, men dersom ein har lyst å sjå gode musikk-konsertar eller dokumentarar, så finst ikkje sånt på Itunes. Då svergar eg heller til old school og Blue ray.
Mykje musikk-utstyr
Tony-André Skaathun Fagerthun synest ikkje "Tholoen" er så på viddene som strandvikingen sjølv gjev uttrykk for.
- Det er slett ikkje uvanleg at folk kikkar etter Blue ray-spelarar. Og når det kjem til å høyra musikk på gode avspelarar, så er det vel innan den kategorien varer me har seld mest denne julemånaden. Det vert nok ein del DAB-radioar og mini-musikk-anlegg under juletreet i Os, smiler Tony-André.