Skyss sluttar med trykte rutehefte på bussen.
Skyss sluttar med trykte rutehefte på bussen.

Sluttar med trykte rutehefte

Rutehefta er forsvunne frå bussane, og frå i sommar av kan ein heller ikkje lenger tinga hefta heim til seg.

- Når noko forsvinn er det alltid nokre som vil sakna det gamle. Dette har vi stor forståing for, men heldigvis opplever vi at dei aller fleste av kundane våre har forståing for tiltaket. Svært mange har for lengst gått over til å nytta digitale kanalar som skyss.no og mobilapp for ruteinformasjon, seier Hanne Alver Krum, sals- og marknadssjef i Skyss.

- Trykte rutehefte er på veg ut

Sommaren 2015 starta Skyss ein gradvis reduksjon i rutehefte i Bergen. Hefta blei fjerna frå bussane, men ein kunne ved behov tinga hefta heim eller henta på Skyss kundesenter på Bergen busstasjon. Ved behov kan ein framleis spørja om å få utskrift av enkeltruter på kundesenteret, eller få dei tilsendt. Men i desse områda er det slutt med trykking av rutehefte frå og med oppstart av sommarruter 27. juni 2016:

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergen sentrum, inkl. Bergen vest og Åsane, Fana, Ytrebygda og Os.

- Trykte rutehefte blir fort utdatert, medan det med digitale kanalar er enklare å nå ut til dei reisande med oppdatert og korrekt ruteinformasjon. Skyss erfarer også at langt færre kundar enn tidlegare spør etter trykte rutehefte. Dette er ein utvikling i heile kollektivbransjen, både i Noreg og resten av Skandinavia er det ein klar trend at trykte rutehefte er på veg ut, seier Alver Krum.

Vil vidareutvikle kollektivtilbodet

Ved å kutta trykkinga av rutehefte sparar ein både pengar og miljø, fortel Alver Krum.

- Det Skyss sparar vil bli brukt til å vidareutvikla kollektivtilbodet, blant anna gjennom å forbetra tilgangen og kvaliteten på digital informasjon.

Følgjande rutehefte vert trykt, men vil ikkje lenger vera tilgjengeleg om bord i bussane frå og med 27. juli:

Askøy, Sotra og Øygarden, Osterøy og Arna, Nordhordland og Sunnhordland.

Følgjande rutehefte vert trykt, men vil ikkje vera tilgjengeleg om bord i bussane frå og med oppstart av haustrutar i august 2016:

- Austevoll, Hardanger og Voss, Modalen og Vaksdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Båt og ferje vil framleis ha trykte rutehefte om bord.