Slutt på temperaturmålinga til kommunen
Tidlegare har driftsavdelinga i kommunen målt temperaturen i vatnet på utvalde badeplassar på Os-sida i sommarmånadene. No er det slutt.
Kommunen opplyser at det er sommarvikarar ved driftsavdelinga som normalt har hatt dette som éi av arbeidsoppgåvene sine.
– I samband med dei store innsparingane i Bjørnafjorden kommune, er det ikkje tilsett sommarvikarar ved avdelinga i år, skriv kommunen på sine heimesider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Der vert det samstundes påpeika at deira hovudoppgåve er å sikra trygt og reint badevatn.
– Vi kjem til å halda fram med å ta vassprøver ved populære badeplassar, som blir brukte av mange og som ligg i nærleiken av kommunale pumpestasjonar, reinseanlegg eller vatn der kommunale utsleppsleidningar går gjennom. Men temperaturane kjem vi ikkje til å måla lengre, seier einingsleiar for samferdsel og VA, Agnete Haugland, til nettstaden.