Slutt på passkøen?
Treng du nytt pass? Då nyttar det ikkje lenger å troppa opp hjå politiet umeldt.
Frå og med måndag 2. januar, må du ha bestilt time på førehand dersom du skal ha nytt pass på Os lensmannskontor. Timen må bestillast seinast dagen før på nettsida til politiet, www.politi.no.
- Me håpar og trur at dette vil auka fleiksibiliteten, redusera ventetida og vera med på å gje eit endå betre tilbod til kundane våre, opplyser seksjonsleiar ved Os lensmannskontor, Åsta Bakke-Mjelde i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei tilsette kan hjelpa
I meldinga går det fram at det er mogeleg å bestilla time alt frå i dag. Kundane vel sjølv kva tid dei ynskjer å møta på lensmannskontoret.
- Det er lett å sjå kva tider som er ledige. Ordninga vil vera føreseieleg for kundane, då ein slepp kø, heiter det.
Ikkje alle er like trygge på nett. Får kundane problem, kan dei tilsette på lensmannskontoret hjelpa til med timebestillinga, også på telefon.
- Erfaringar frå Bergen og andre kontor som har hatt timebestilling lenge, tilseier at kundane handterer dette utan problem, seier Bakke-Mjelde.
Det vert framleis langope på torsdagar for dei som ønskjer å bestilla pass då. I ein kortare periode vil det dessutan vera mogeleg å møta opp utan å ha bestilt time.
- Dette gjeld berre eit avgrensa tal timar; måndagar og torsdagar i tidsrommet 10.20-10.50, påpeikar Bakke-Mjelde.
Lensmannskontoret minner samstundes om at timebestillinga ikkje medfører andre endringar i rutinane og reglane for bestilling av pass:
. Alle må hugsa å ta med gammalt pass eller annan gyldig ID.
Artikkelen held fram under annonsen.
. Barn under 3 år må ha med passbilete.
. For bestilling av pass til barn, må barnet møta saman med minst éin av foreldra. Der ein har felles foreldreansvar, krevst det godkjenning frå begge foreldra, til dømes fullmakt og gyldig legitimasjon. Dette må framvisast når ein møter på lensmannskontoret.