Oppmoding: Skular og barnehagar gir i staden ei generell oppmoding om at alle testar seg ved symptom på korona.

Slutt på meldingar frå skular og barnehagar ved smitte

Skulane og barnehagane i Bjørnafjorden sender ikkje lenger melding til føresette ved nye smittetilfelle.

Dei gir i staden ei generell oppmoding om at alle testar seg ved symptom på korona.

Bakgrunnen er at ingen lenger treng å gå i karantene eller testa seg når ein person i same klasserom eller barnehageavdeling er smitta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barn under 16 år er berre anbefalt å testa seg ved symptom.

Fram til no har føresette til nærkontaktar fått varsel frå barnehagen eller skulen med informasjon om gjeldande test- og karantenereglar.

– Det er svært mykje smitte i både barnehagar og skular i Bjørnafjorden om dagen. Mange foreldre opplever å få opptil fleire SMS-ar dagleg om nye smittetilfelle - sjølv om deira barn ikkje lengre skal gå i karantene eller testa seg, skriv kommunen på sine heimesider.

– Det er ikkje lenger hensiktsmessig å varsla om kvart enkelt smittetilfelle. Vi er over i ein annan fase av pandemien, kor vi må rekna med at dei aller fleste er nærkontaktar i større eller mindre grad. Dette gjeld spesielt på skulen og i barnehagen. Følg med på di eiga og barnas helse, og ta ein sjølvtest ved symptom på luftvegsinfeksjon: Hoste, feber, nedsett allmenntilstand, rennande nase, sår hals, nedsett lukt og smak eller hovudpine, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Dette er reglane er no:

Test deg ved symptom: Hoste, feber, nedsett allmenntilstand, rennande nase, sår hals, nedsett lukt og smak eller hovudpine.

Dersom du har korona, må du vera isolert i 4 dagar frå du fekk symptom eller tok positiv test.

Ingen nærkontaktar treng gå i karantene. Berre dei som bur saman med den smitta bør teste seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom du bur saman med ein som er smitta, og som er heilt isolert frå resten av husstanden, er du anbefalt å testa deg med sjølvtest kvar dag i 5 dagar etter sist kontakt.

Dersom den smitta ikkje kan isolerast heilt frå resten av husstanden (til dømes viss den smitta er eit lite barn), bør du testa deg dagleg i dei fire dagane den smitta er "isolert" (dvs. smittsam) + 5 dagar etter, til saman 9 dagar.

Så lenge du testar negativt, kan du gå på jobb eller skule som vanleg.

Barn under 16 år treng berre testa seg dersom dei har symptom, sjølv om dei bur saman med ein som er smitta.