Slutt for laurdagsposten
Laurdag 5. mars 2016 er den første laurdagen kor posten ikkje vert omdelt. - Det vil få minimale følgjer for folk, seier pressesjef i Posten Norge, John Eckhoff.
- Det einaste som skjer er at breva som skulle kome i posten laurdag, kjem måndag i staden. For dei fleste er ikke overgangen stor, ettersom det uansett kjem lite post om laurdagar. Faktisk berre 25 prosent av ein vekedag, seier Eckhoff.
Fornuftig å redusera
Endringa har lege i korta lenge. Då ny postlov blei vedteken i juni, fall konsesjonsplikta til seks dagars postombæring bort, og posten kunne "kutta ut laurdagen".
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me kunne valt å halda fram med, men me meiner det er fornuftig å redusera frå seks til fem dagar, seier Eckhoff.
- Kva med laurdagsavisa?
Pressesjefen legg til at det er ei stor innsparing for staten at det enorme postapparatet får stoppe opp ein dag ekstra.
- Men kva med Os og Fusaposten som kjem ut på laurdager. Vil avisane nå fram til kundane?
- For lokalavisene medfører ikkje dette noko endring. Mange av avisene har eigne distrubisjonsavtalar, men lokalavisane som vert distribuert gjennom Posten vil heller ikkje bli råka, seier Eckhoff.
Han legg til at endringane som skjer er både kostnadsbesparande og ei tilpassing til folks vaner.
- Ein vil som sagt ikkje leggja merke til endringane, og det er framleis eit kjempegodt post-tilbod i Noreg. I verdsklasse vil eg seia. Men me må effektivisera oss.