Slik vert 17. mai i Bjørnafjorden
Kommunen opplyser om planane.
Bjørnafjorden kommune inviterer i år som i fjor til digital 17. mai-markering.
Musikkorps vil besøkja institusjonar rundt om i Bjørnafjorden og «i trygge omgjevnader utandørs».
Artikkelen held fram under annonsen.
Tradisjonen tru, vert også alle 5. -klassingar i kommunen inviterte til å teikna 17. mai-teikningar.
– Vi gler oss til å sjå - og visa fram - dei flotte kunstverka etter kvart, seier kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt, som legg til at dei vil koma attende med meir detaljert informasjon om programmet etter kvart.
Kommunen oppfordrar samstundes 17. mai-komiteane rundt om i krinsane til å tenkja «kreativt og alternativt innanfor smittevernreglane».
– Korleis vi kan feira og kor mange som kan vera samla, heng saman med smittesituasjonen. Regjeringa vil komme med ei presisering av råd og reglar for 17. mai-feiringa om kort tid, påpeikar kommunen.