Slik svarer Høgre-leiren om dei pågåande forhandlingane
I Høgres leir held dei stadig korta tett til brystet.
Sjølv om både osingar og fusingar ventar i spenning på kven som skal styra dei neste fire åra, verkar det enno vera lite nytt å melda.
Det har i morgontimane torsdag ikkje lukkast Os & Fusaposten å få tak i verken ordførarkandidat Marie Bruarøy eller partileiar Susanne Sperrevik, men andrekandidat og kommunestyrerepresentant, Aud-May Boge, svarer slik på spørsmålet om det er nokon begevelse i forhandlingane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Nei, her må de nok berre smørja dykk med tolmod.
– Har det store inntoget av fusingar noko å seia for dynamikken i forhandlingane for Høgre sin del?
– Det kan eg rett og slett ikkje svara på.
I fylgje Boge sit verken ho eller Bruarøy i forhandlingar nett no.
– Nei, vi er på jobb både eg og Marie. Vi skal jo leva av noko også, ler ho.
Marie Bruarøy stadfestar seinare i ein sms at ho er på jobb. og kan ikkje kommentera forhandlingane per no.
anne-marie@osogfusa.no