Slik kan ei bru til Bjørnatrynet bli
Politikarane i Os vil ikkje heilt gje opp bru-alternativet som lèt Søre Øyane i fred. Geir L. Kjersem i LMG Marin fortel kvifor dei meiner denne brua er betre enn Statens Vegvesen si.
Politikarane i Os meiner at bru-alternativet til Bjørnatrynet ikkje må forkastast enno. Dette rakt imot Statens Vegvesen si faglege vurdering, som seier at bru til Bjørnatrynet vil vera dyrt, vanskeleg og imot Forsvarets interesser. Ordførar Terje Søviknes og varaordførar Marie Bruarøy hadde denne veka møte med nokon som er usamde med Vegvesenet - LMG Marin.
- Dei meiner at bru til Bjørnatrynet både er teknisk mogleg og jamvel rimelegare å byggja enn Vegvesenet sitt alternativ med bru og senketunell under Søre Øyane. Dersom det er riktig, vil eg påstå at det må vera betre enn å laga ei kunstig øy midt i fjorden. For å få eit endeleg svar på det, bør me utgreia dette alternativet vidare, seier Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ei føreseieleg bru
Styreleiar i LMG Marin, Geir L. Kjersem, fortel at dei vurderer å koma med ein eigen høyringsuttale til planprogrammet.
- Me meiner at det er teknologisk fullt mogleg å byggja bru med innslag i Bjørnatrynet. Ho vil bli konkurransedyktig i pris, og ho baserer seg på kjent teknologi. Me snakkar om ei tradisjonell, låg flytebru, seier Kjersem.
- Kvifor ser ikkje Statens Vegvesen det på same måte, trur du?
- Det må du spørja dei om, men eg trur det har med å gjera at dei har basert seg utelukkande på sine eigne konsept og idear. Dei har ikkje sett på private framlegg, seier Kjersem.
Vegvesenet sitt argument knytt til pris har vore at å byggja tunell under Søre Øyane vil vera vesentleg rimelegare enn lenger bru. Medan bru kostar mellom 1 og 2 mill. kroner per løpemeter, kostar tunell 400.000 kroner per løpemeter. Eit grovt anslag frå Kjersem seier at "deira" 6 kilometer lange bru vil kosta mellom 12 og 15 milliardar kroner.
- Me meiner at prisen ikkje vil overstiga alternativet frå Vegvesenet under Søre Øyane. Det er meir uvisse knytt til det alternativet både når det gjeld byggjemetode og kostnader. Ein flytetunell har ikkje vore bygt før, og krev at ein prøver det ut gjennom eit pilotprosjekt. Vårt alternativ baserer seg på kjent teknologi, og kostnaden er dermed meir føreseieleg, seier Kjersem.
- Kvifor engasjerer de dykk for eit Bjørnatrynet-alternativ?
- Vår forretningsidé er å vidareutvikla teknologien for fjordkryssing i Noreg og internasjonalt. Me spesialiserer oss på flytande konstruksjonar. Det var til dømes me som stod bak designet på gassferjene på Bjørnafjorden. Me var dei første i verda på gassdrivne ferjer.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og no skal brua gjera ferjene overflødige?
- Ferjene har sine begrensningar. No i pinsen måtte eg via Hardanger for å koma meg til Sunnhordland, då ferjekøen stod heilt til Ulvenvatnet. Men me tek oss ikkje av politikk. Me er ingeniørar, og dette er ein spanande konkurranse-moglegheit for oss, seier Kjersem.
Vedtaket i formannskapet
Då politikarane tysdag skulle seia sitt, vegde synspunktet til LMG Marin tungt. Etter ei formulering om at dagløysing på Søre Øyane ikkje vert sett som sannsynleg, og at senketunell bør utgreiast vidare, kom også Bjørnatrynet-alternativet med:
"I tillegg ber Os kommunestyre om at ein tek inn alternativet med ilandføring i Bjørnatrynet i det vidare planarbeidet, slik at planprosessen kan sluttførast med to reelle alternativ. Det maritime teknologimiljøet på Vestlandet, t.d. representert ved LMG Marin, held fram at dette er eit reelt alternativ med enklare og rimelegare teknologiske løysingar enn neddykking i senketunnel. Dette alternativet bør såleis utgreiast vidare i arbeidet med sjølve kommunedelplanen."
Jon Sivert Rykkel (V) føreslo å relansera indre trasé via Fusa, men greidde ikkje å samla fleirtalet om dette. Terje Sperrevik (TvS) og Harald Døsen (Ap) og Rykkel sjølv røysta for dette.