Slik det ser ut no, vil det ikkje bli mykje sol i påska.
Slik det ser ut no, vil det ikkje bli mykje sol i påska.

Slik blir påskevêret

Det er ikkje stor grunn til å jubla over påskevêret.

I morgon ser det greitt ut, men det er stille før stormen, fortel vakthavande meteorolog, Bente Wahl.

– Det kjem til å skya til tysdag ettermiddag. Nedbøren kjem på kvelden og vil halda fram gjennom natta, og litt utover onsdagen, seier Whal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag kveld ser det ut til å bli opphaldsvêr. Torsdag kveld ser også ganske bra ut.

– Det kjem til å koma byger torsdag, men meir variert skydekke. Det kan koma litt sol også. Fredag og laurdag blir det grått og vått, seier Wahl, som legg til at det er lov å håpa på betre vêr mot slutten av påska.

– Slik det ser ut, kan det bli betre søndag og måndag, men eg ville ikkje sett mykje pengar på det. Denne vêrtypen har lett for å endra seg, men prognosane gir håp om betring, i alle fall.

Temperaturen gjennom påska vil liggja i underkant av ti grader.

– Godt i underkant vil eg seia. Frå seks til åtte grader. Det er mykje skyer, så det blir ikkje nattefrost. Tilnærma same temperatur på dagtid og nattestid, seier Wahl.

Benjamin Søgnen Olsen