Sleppte trua laus
Søndagens sleppefest av Trusopplæringsplanen vart ei sterk markering av ein stor og unik kyrkjelyd, seier kateket Hildur Løkken Lillestøl.
Tysdag er oppryddinga etter helgas fest i full gong på Os kyrkjekontor.
- Opplevinga var veldig god. Ein kyrkjegjengar kviskra meg i øyret at dette var 150 prosent vellukka, seier Hildur Løkken Lillestøl og smiler.
Artikkelen held fram under annonsen.
Suksess
Nokon heldt tydeleg si hand over det heile, for til og med vêret var godt.
- Ikkje berre vart mange verande etter gudstenesta, men dei vart verande lenge, seier Hildur.
Dagen vart til i eit samarbeid mellom tilsette, frivillige, diverse utval, sokneråd og tiltaksfadrar.
- Dette er eit eksempel på kva samarbeid som trengst for at ein flott plan skal bli verkeleggjort.
- Dessutan var folk glade, og det er jo eit sikkert teikn på suksess, ler ho.
Godheitsdagen
Komande laurdag står Godheitsdagen for 12-åringar på programmet. Fyrst er det samling i ulike grupper på Kyrkjetunet, før gjengen skal ut i felten og gleda andre.
- Er det nokon der ute som treng hjelp til noko praktisk arbeid, så ta kontakt. Vi vil øva oss i å visa omsorg for nesten vår. Det er også ein del av trusopplæringa, seier Hildur.